Skogskjegg

Dette er ei av storbarnsbasane våra. Her er barna 3-6 år.

I år finn du desse personalet på basa:

Inger Oline Eikrem (Pedagogisk leiar)

Malgorzata (Gosha) Kaczurak (Barnehagelærar)

Elias Nykrem (Barnehagelærar/Støttepedagog)

Monica Helen Berge (Barne- og ungdomsarbeidar)

Per Ståle Hatlenes (Barnerettleiar)

Ørjan Aaland (Barnerettleiar)

 

Vi er ei storbarnsbase med barn i alder 3-6 år. Storbarnsbasa har barn frå tre ulike årsmodellar og vi gledar oss til å sjå korleis borna i ulike aldersgrupper kan ha gode opplevingar saman i kvardagen. Dei store får vere store og dei mindre får vere små, men likevel ha noko å strekke seg etter, og lære seg å ta omsyn til kvarandre. Det kan vere store forskjellar både språkleg og sosialt i ei aldersgruppe på 3-6 år. Vi må difor arbeide med språk og sosial utvikling på ein måte som møter alle nivå. Gjennom mykje leik, song, rim & regler, boklesing og gode kvardagssamtalar, ynskjer vi å legge til rette for tryggleik, fellesskap og individuell utvikling.

I denne alderen lærer borna mykje om seg sjølve. Det vil vere eit mål å øve på å verte sjølvstendig i daglege gjeremål, å kunne vurdere eigne behov, handtere eigne følelsar og ta omsyn til andre sine følelsar og behov.

Leiken er viktigaste utviklingsarenaen til borna, og barnehagen skal legge til rette for gode vilkår for leik. Det er viktig for oss at borna skal oppleve glede, humor og tryggleik i leiken. Rolleleiken er dominerande i desse aldersstega. I rolleleiken lever borna ofte ut hendingar og følelsar dei har opplevd eller er nyfikne på, og slik trenar dei seg på å handtere livet. Gjennom felles leik vil barna også prøve ut og lære seg både språk og sosiale ferdigheter, lære seg å forstå omgjevnadane og hendingar i livet, samt verte kjende med seg sjølve og andre, med vaksne som støtte og veiledarar.

Vi har to faste turdagar i veka; mandagar og torsdagar. Då går vi turar i nærområdet vårt her på Fiskå. Det er viktig for oss i Solsikka at barna skal trivast og bli glad i naturen vår. Gode turminner vert difor viktig for oss, med mål om å trivast ute i all slags veir, og finne tilhøyre i naturen og glede i å nytte naturen som leikearena.