Nasjonal Brannøving

Det er viktig å vere førebudd på ein eventuell brann. For oss i barnehagen vil det seie at vi som personalgruppe må gå igjennom førebygging, det å verte bevisste på sikringstiltak i barnehagen, vi går også fleire gongar i året gjennom branninstruksane våra, og endrar dei dersom vi ser manglar eller ting som kan forbetrast.

I forhold til barna snakkar vi også om kva ein må gjere for å unngå brann. Men viktigast her er å lære barna kva dei skal gjere dersom brannalarmen går. Vi snakkar om korleis vi evakuerer, kvar vi går, kvar vi skal møte opp, Barna får høyre alarmen fleire gongar desse vekene.

Norsk brannvernforening har ei nettside med gode tips til både barnehage og heim:

http://www.brannvernuka.no/Nasjonal-brannovelse/Brannovelse-i-barnehage

Andre aktuelle saker