Skinntryte

Dette er ei av storbarnsbasene våra. Her er barna 3-6 år.

I år finn du dette personalet på basa:

Åse Vibeke Teigen (Pedagogisk leiar)

Celine Constanse Endal (Barnehagelærar)

Elsa DeGuia Berge (Barne- og ungdomsarbeidar)

Monica Thunem Rørhuus (Barne- og ungdomsarbeidar)

Solbjørg Brekke (lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget)

 

Vi er ei storbarnsbase med barn i alderen 3-6 år. Vi har to faste turdagar; onsdag og fredag der vi tek turar i nærmiljøet. Vi har kort avstand både til fjøre, skog og mark. Og det gjer at vi kan variere turmål både etter tema, årstider, utvikling og interesser. Vi har gapahuk i skogen og vi har tilgang til naust i fjøra. Vi er ute i all slags ver og det er viktig for oss å legge eit godt grunnlag i høve det å trivast i den flotte naturen som er rundt oss.  Vi fyl og oppleve årstidene og få erfaring og bevisstheit til kulde/varme og bekledning. Vi vil lære oss til å vere ute i all slags ver og sjå gleda i det. Vi får bruke sansane våra og har høve til mange gode sanseopplevingar. Gjennom bruk varierte turmål som  skog og fjøre vil vi styrke barna sin kreativitet, fantasi og ikkje minst motorikk. Vi har funne ut at det meste kan gjerast ute i naturen også. Vi nyttar blant anna mykje pelletsomnen vår og lagar varm mat ute.

Vi i Solsikka barnehage ynskjer at barna skal trivast og bli trygge på naturen gjennom å bruke den i kvardagen.  Her blant anna syng vi, vi utforskar takt og rytme, og får kjennskap til litt musikkinstrumenta. Song og bevisstheit på takt og rytme er ein av fleire viktige deler av borns språkutvikling. I denne alderen vert borns utvikling i språk meir avansert. Vi har dermed stort fokus på språkarbeid, munnmotorikk, omgrep og kommunikasjon på ulike måtar. Dette gjer vi blant anna i kvardagssituasjonar, samtalar, samlingar, men også i meir vaksenorganiserte gruppeaktivitetar.